Foto: Hans Petter Sørensen

"Dei sa at arbeidet hans ikkje er verd noko"

Skrevet av Berit Oksfjellelv
12.06.2019 19:30

Høyringsfråsegn frå kona til ein førsteamanuensis ved Nord Nesna

Mannen min har vore tilsett ved Høgskulen i Nesna, no Nord universitet, i ti år. Han har vore nøgd. Dei sju første åra var han veldig tilfreds og full av fagleg iver. Dei siste tre åra, åra etter fusjonen, har vore prega av langt meir frustrasjon og dårleg universitetsleiing frå toppen, men det brennande engasjementet til mannen min for faget og studentane hans har heldt oppe motet og drivet hans òg etter fusjonen. Han har forska og «produsert» (for bruke den gjengse kapitalistiske sjargongen) ei rekkje publikasjonspoeng etter doktorgradsdisputasen, og han var på god veg til å bli professor.

Rett etter påske vart det brått slutt. Då vart han – og vi som familie – dolka i ryggen av dei som skulle ha teke han i vare, dei som skulle ha vore gode leiarar og drive fram og dyrka engasjementet hans og sett det viktige arbeidet han gjer med lærarutdanning og forsking her på Helgeland. Dei sa at arbeidet hans ikkje er verd noko. At Nesna ikkje lenger skal finnast, etter 101 ærverdige år som lærarutdanningsinstitusjon. At vi bør pakke sakene våre, vende familie og lokalsamfunn ryggen og ha oss til Bodø for å «levere kvalitet», for «å styrke fagmiljøet.»

Heile familien vår vart ramma av nedleggingsforslaget. Denne våren har vi sove dårleg, med den konsekvens at vi er ampre og øydelegg dei sosiale tilknytingane som vi alle er avhengige av. Vi veit ikkje kva framtid vi får. Vi veit berre at den naive føresetnaden som er formulert i den utilstrekkelege rapporten som ligg til grunn for nedleggingsforslaget om «å flytte fagmiljøet» frå Nesna til Bodø ikkje kjem til å bli så enkelt og tilforlateleg som universitetsleiinga og rekneskapsfirmaet bak rapporten synest å tru.

Vi er menneske. Vi har nettverket vårt her på Helgeland. Vi har to bustader her, dei er ikkje berre å selje viss forslaget går gjennom, vi har verken lyst eller råd til å komme oss inn på bustadmarknaden i Bodø. Vi har prøvd å bu i Bodø før. Det var ikkje noko for oss. Det er Helgeland som er heimen vår. Det er her vi vil bu og her vi vil arbeide og gå på skule. Vi er ikkje berre å flytte på, som tal i ei kolonne.

Dei siste tre åra har mannen min reist meir i jobben sin enn klima, miljø og familie har godt av. Universitetsleiinga kan gjerne tru at han toppmotivert kjem til å vekependle til Bodø for å styrke fagmiljøet der, men det blir ikkje aktuelt. Då finn han heller ein annan jobb, og Nord universitet kjem til å gå glipp av ein viktig forskar og ein dyktig lærar med fornøgde studentar. Korleis det skal styrke fagmiljøet i Bodø er vanskeleg for meg å sjå.Eg trur ikkje det står folk i kø for å erstatte han og dei andre tilsette som gjer som han; det viser utfordringane Bodø lenge har hatt med å tiltrekkje seg fagfolk.

Før påske hadde mannen min eit fagleg driv – det var triveleg å sjå korleis han arbeidde døgnet rundt med forskingsartiklar og førebuing av undervisning. Etter påske har han ikkje forska. Han har mista motivasjonen fullstendig. Sjefane hans seier at han ikkje duger, tvert imot kva forskingsdokumentasjonen hans i Cristin viser. Kvifor skulle han stå på for ei leiing som ikkje står på for han?

Vi lærer 5-åringen vår at ein ikkje skal lyge eller stele, eller gjere andre menneske vondt. Det er vanskeleg å forklare for henne at grunnen til at mamma og pappa er så molefonkne for tida, er at dei vaksne sjefane til pappa gjer nettopp desse tre tinga. Som de ser i mange andre høyringsfråsegner, er det heva over tvil at leiinga ved Nord Universitet har sagt stygge, feilaktige ting om pappaen her og alle dei snille, hyggelege og smarte folka han arbeider ilagmed i korridorane på Nesna. Universitetsleiinga prøver med dette forslaget å stele alle pengane som høyrde til Høgskolen i Nesna, og dei har  gjort sånn at pappaen her, alle kollegaene hans og vi som familie har det vondt no.

Når eg som mamma har gått over streken og gjort noko dumt, seier eg unnskyld til barnet mitt og prøver å rette opp forholdet. Å gje henne ros og bygge henne opp er vegen å gå for å få henne i rett retning og utvikle henne til å bli eit gagns menneske.
Når nokon i høgare posisjonar innser at dei har gjort noko utilgjeveleg dumt, går dei vanlegvis av og slepp nye krefter til, krefter som kan rydde opp og rette opp forholdet. Eg er skaka over at leiinga ved Nord universitet etter all kritikken dei har fått, endå ikkje har skjønt at dei ikkje har den kompetansen og menneskeleg erfaringa som trengst til å fylle dei skoa dei på forunderleg vis har fått utlevert. Dei har eit samfunnsansvar og eit personalansvar dei ikkje har skjønt, og ikkje er i stand til å ta. Etter all motstanden og den utdanningsfaglege oppdateringa dei har fått i vår burde dei ha fått nok innsikt no til å skjøne at dei har mista all tillit og burde ha trekt nedleggingsforslaget og overlate stillingane sine til andre. Det har dei endå ikkje gjort.
Styret bør derfor gjere det tydeleg for leiinga at viss Nord universitet skal halde på dei verdifulle tilsette ved campus Nesna, bør dei snarast reversere nedbygginga av campus Nesna og leggje dødt det absurde forslaget om nedlegging av campus Nesna.
Løysinga for styret blir sikkert i første omgang å utsetje saka. Det er inga god løysing. No vart heile våren øydelagd for pappaen her og alle dei tilsette ved Nord Nesna. La no ikkje sommaren òg gå med på same måten!Dei tilsette treng sommaren til å kvile og hente seg inn etter denne umenneskelege prosessen slik at dei står friske og sterke til å ta imot lærevillige studentar i august, studentar som skal bli kloke og flinke lærarar for jenta vår og alle framtidige helgelendingar!
 
Helsing Berit Oksfjellelv,

tidlegare (og forhåpentlegvis framtidig) tilsett ved Nord universitet Nesna kone til ein førsteamanuensis der, og mor til ein helgelending med krav på kvalifiserte lærarar.

Debatt
Rana No oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.