Foto: Roger Marthinsen

– Vi er her i dag fordi så mykje står på spel for Helgeland og Nordland!

Skrevet av Jenny Myklebust
20.10.2019 20:30

Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland møtte i kveld Nordland fylkesting. Her er deres apell: 

Nord si satsing på Helgeland:

Vi i Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland er veldig glade for at fylkestinget har eit einstemmig vedtak om styrking og vidareutvikling av Campus Nesna. Det er no kampen står, og vi treng at fylkestinget mobiliserer! I Nordland fylkesting sin plattform, vil de legge til rette for at det skal leverast gode utdanningstilbod på Helgeland. Ilag med 70 prosent av folk i Nordland stiller vi i Folkeaksjonen oss kritiske til Nord universitet sitt vedtak om å legge ned Campus Nesna utan konsekvensutredning. Som de alle veit, har Nesna utdanna gode lærarar og fylt regionen med kompetanse i 100 år.

Vi er svært bekymra over at heile fagmiljøet skal flyttast bort frå Helgeland. Lærarane blir bedt om å flytte til Bodø eller Levanger og pendle tilbake til Mo for å undervise. Eit fagmiljø har og enorm ringverknad for heile regionen. Å fly inn fagressursar advarte NOKUT Nord om allereie i 2016.

«(...) Dersom dette skjer i et stort omfang vil det imidlertid gå ut over den faglige tilstedeværelsen og miljøskapingen i vertsmiljøene, til ugunst for fagmiljøet, studentene og andre brukere der».

Når vi i tillegg ser at all undervisning som krev spesialrom skal leggast til Bodø, så må vi spørje «kva sitt vi eigentleg igjen med på Helgeland?» I sin siste artikkel skriv professor og styremedlem ved Nord universitet, Tor Helge Allern at «Helgeland tappes for studieplasser og kompetanse til fordel for Campus Bodø, og med smuler til Mo i Rana». Og medan studentane må pendle til Bodø kvar gong dei skal ha naturfag, kjemi, musikk, dans, drama og kunst og handverk, så blir topp moderne bygningsmasse, med alle fasilitetar, ståande tom på Nesna.

Kva slags konsekvensar vil dette få for regionen?

I fylkestinget si plattform blir det lagt vekt på desentralisert utdanning, etter- og vidareutdanning, tilgang på kompetent arbeidskraft og livslang læring. Nord sine planar på Helgeland er direkte skadelege for fylket si verksemd, ambisjonar og oppdrag. Allereie no ser vi at utdanning i Nordland og på Helgeland går drastisk ned. Nord lovar satsing, men tala seier dessverre det motsette. Det er sterke forventningar til at fylkeskommunen følger opp plattforma. Korleis skal de skaffe lærarar og
sjukepleiarar i ein region med allereie stor mangel, og gå i møte dei nye krava til etter- og vidareutdanning når det faktisk ikkje blir tilbod om etter- og vidareutdanning på Helgeland? Studiet for å bli barnehagelærar skal Nord berre lyse ut annakvart år.

Sjukepleiarforbundet seier vi stå over for ein kritisk situasjon når dei omtaler framtidig sjukepleiarmangel. Berre i Nordland manglar vi 600 sjukepleiarar. I Mosjøen vart det nyleg utlyst fem sjukepleiarstillingar og dei fekk ikkje ein einaste søkar. I høyringa på stortinget sa Jorun Hov at sentraliseringa av høgare utdanning svekker tilgangen til sjukepleiarar til viktige deler av Helgeland! Tendensen er at rekrutteringa til heiltidsutdanningane på Mo og i Bodø frå Ytre Helgeland, er relativt
stabil og svak, ein auke i opptakstala til heiltidsutdanningane har liten innverknad på tilgangen på sjukepleiarar på Helgeland sør for Korgfjellet. Dei to siste åra har vi sett ei negativ endring for eit område med mange små distriktskommunar og fleire øyar med rekrutteringsutfordringar. Dei som ikkje kan eller vil reise langt for å ta utdanning, manglar i dag tilbod og blir ikkje sjukepleiarar.

På høyringa i stortinget den 30. september var Kent Gudmundsen frå Høgre ein av mange som stilte kritiske spørsmål til Nord. På spørsmål om det er kvalitet eller økonomi som er bakgrunnen for nedleggingsvedtaket, avslo rektor og konstaterte at økonomien til Nord er stabil og god. Då er det merkeleg at det før helga gjekk ut melding til dei tilsette på Fakultet for lærarutdanning, om at "Nord fram mot 2021, kjem til å avvikle 30 årsverk"

Om Nesna ikkje får ta opp studentar neste haust, blir klassane mindre og studiemiljøet øydelagt. Samskipnaden er ansvarleg for å tilby eit best muleg studentmiljø medan det er studentar her. No betalar studentane på Nesna semesteravgift utan å få noko for pengane. Kantina og studentbarnehagen er lagt ned og teke over av private. Studentane spør kvifor dei betaler studentavgift til Nord, når Nord ikkje stiller opp for dei. Tilsette på Nesna jobbar langt over 100 % fordi dei veit at det ikkje tilsettast nye lærarar. Om dei ikkje hadde gjort det, ville fleire fag blitt lagt
ned. Det hastar å stoppe nedbygginga av Campus Nesna allereie i haust! Vi er nøydt til å ha opptak av lærarstudentar og sjukepleiarar frå hausten elles vil det få enorme konsekvensar.

Kva kan Fylkestinget gjere?

Nordland fylkeskommune, har gjennom heile oppbyggingsperioden til Nord universitet, bidrege med ganske så mange millionar. Det er viktig å hugse på at det var ikkje ein tvangsfusjon, men styret valte Nord fordi ein var lova utvikling og ikkje avvikling. Narvik er sjeleglade for at dei valte UIT. Dei viser at det er mogleg å drive eit fleircampusuniversitet i Nord-Norge der du ser på dei små som viktige ressursar.

Fylket har eit stort ansvar når vi ser at Nord ikkje satsar på regionen slik dei lova. I den nye reforma har fylket ei viktig rolle for etter- og videre utdanning. Her må Fylkestinget reagere når vi ser at Nord kuttar i tilbodet på Helgeland. 

Det er på høg tid at nokon stiller spørsmålet. «I kor stor grad vil Nord klare å dekke behovet for høgare utdanning i Nordland?» Den som stiller dette spørsmålet kan vere deg.

Fylkestinget har og ansvar for å følge opp eigne vedtak og vi er som sagt veldig glade for at de vil styrke og vidareutvikle Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen.

Folkeaksjonen ber Fylkestinget om å komme med ei erklæring som viser at de støttar
Representantforslaget i Stortinget, om ei desentralisert høgare utdanning for kvalitet, velferd og bærekraftige lokalsamfunn.

Punkt ein i forslaget føreslår å stoppe endringa av studiestads struktur ved Nord universitet. Punkt to og tre føreslår ein plan for å styrke studiestadane slik at dei kan bli viktigare i sin region og at regjeringa legg fram ein plan for framtidig struktur for høgare utdanning i Noreg. Det er særleg punkt ein som er viktig å få vedteke straks, slik at nedbygginga av Campus Nesna kan stansast og at det kan bli lyst ut nytt opptak av studentar på lærarutdanninga på Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen med oppstart hausten 2020. Det skal lagast innstilling i saka den 5. november og vedtak fattast i Stortinget den 12.nov.

Den 31. oktober skal det vere ein viktig konferanse på Campus Nesna som har som tema: Kven tek den regionale høgskolen si rolle og samfunnsoppdrag? Håpar vi ser alle dykk på denne viktige konferansen.

Vi er her i dag fordi så mykje står på spel for Helgeland og Nordland!
Vi treng at Nordland fylkesting samanfattar den motstanden som kom fram i høyringsrunden, i vedtak frå regionråda på Helgeland, i høyringa på Stortinget, i NRK si spørjeundersøking der 70 prosent av folk i Nordland sa at dei meiner at studiestadane Campus Nesna og Sandnessjøen skal bestå! Vi må stå fast på fusjonsavtala, om at studiestadane skal vidareførast og vidareutviklast! Derfor ber vi innstendig om at Nordland fylkesting støttar forslaget som ligg i Stortinget!

Takk for at de lyttar og takk for at de handlar!

Debatt
Rana No oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.