"Vi fekk sjokk. Så gret vi. Så raste vi"

Skrevet av Jenny Myklebust
13.05.2019 11:07 - OPPDATERT 13.05.2019 17:00

– Hovmod står for fall, skriver Jenny Myklebust i aksjonsgruppa for å bevare Nord Universitet avdeling Nesna.

Vi fekk sjokk. Så gret vi. Så raste vi. Brann oljefat og stengde vegar. «Men sola på Nesna er best, synes jeg». Bygda samlast i ekte Nesnaånd! Med gode ord, dikt og «annanrangs»-blues. Fest for vaksne og barn. Så kom Erna til nabobyen og med henne, dronninga av Bunadsgeriljaen. Vi reiste dit med banner, bunad og Nesnalobbar. Ropte makta mitt i mot i beste sendetid. Skreik oss hese. Vi visste kva Helgeland kunne miste. Men vi lærte at dette er større enn oss alle. Det er folk ute i opne båtar langs heile kysten. Vi må berre ro ilag, som damene frå Nordmøre.

Lærarinstitusjonen på Nesna har behandla folk godt i 100 år. Vi har venner frå nord til sør. Støtteerklæringane strøymer inn. Styret ved NORD klør seg i skallen. Vedum stiller på Stortinget i bunad og seier at Erna kjenner seg trua.

No Helgeland, har vi fått sparket i ræva!

Katarsis!

Hovmod står for fall
Troll sprekk i sola

Framtida er vår

100 nye år!

Jenny Myklebust

Debatt
Rana No oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.