Fra den tredje utdanningskonferansen, i regi av Nesna kommune og Folkeaksjonen for høyere utdanning på Helgeland. Foto: Hans Petter Sørensen / Folkeaksjonen for høyere utdanning på Helgeland

"Vi må halde trykket oppe mot eit eventuelt regjeringsskifte"

Skrevet av Jenny Myklebust
04.11.2019 12:00 - OPPDATERT 04.11.2019 17:01

«Kven tek den regionale høgskulen si rolle og samfunnsansvar?» spurte vi i Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland og Kvinneuniversitetet i Norden, på vår tredje konferanse på Campus Nesna. Folk hadde reist frå fjern og nær for å understreke viktigheita av utdanning i distriktet. Hanne Smedal Tenggren hadde sykla i bunad frå Mo i Rana, for å sette fokus på distriktsopprøret. «Vi må hindre at det tas valg som bidrar til utarming av kysten og distriktene. Gullet og fremtiden er nettopp her», sa den spreke legen frå Trondheim, før ho trakka vidare mot Sandnessjøen. Stort er ikkje nødvendigvis best og nokon må tørre å stille spørsmål ved etablerte sanningar. 

Gunnar Yttri frå Høgskulen på Vestlandet sa at profesjonsutdanning i distriktet er det som skal til for å få realkompetanse i distriktet. Ronny Kjeldsberg frå NTNU stilte spørsmål ved kva slags kunnskap ein mistar i overgangen frå høgskule til universitet. Autonomiargumentet vart grundig plukka i bitar av Tor Helge Allern, Nord Universitet. Den tydelege nedbygginga av høgare utdanning på Helgeland vart grundig illustrert av Øyvind Hansen, tilsett ved Nord universitet si IT utdanning i Mo i Rana. Ole Gustav Narud representerte Lokalsamfunnsforeininga. Han trakk parallellar mellom strukturreforma i høgare utdanning og andre reformer som politireforma. Han hevdar at det å flytte politiske prosessar bort frå politikarane og inn i styreromma, er med på å svekke demokratiet.

Den nyleg prisbelønna forskartrioen Wenche Sørmo, Karin Stoll og Mette Gårdvik, viste at det ikkje er nødvendig med store miljø for å kunne drive god forsking. Dei donerte 10 000 kr av Læringsmiljøprisen ved Nord universitet for 2019, til Folkeaksjonen for Høgare utdanning på Helgeland. Det set vi stor pris på, og pengane blir brukte til arbeidet med å bevare Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen. Inger Lise Valstad og Nuno Farbu Pinto stilte spørsmålsteikn ved om forskinga frå sentrale strøk er relevant i distriktet.

Først ut frå fagrørsla var Merete Paulsen Blomstervik frå Utdanningsforbundet, Sør-Helgeland. Pulsen Blomstervik kom med skarp kritikk til Regjeringa, som ho meiner skapar eit geografisk klasseskilje, når dei tvingar kommunane til å bryte opplæringslova og bruke ufaglærte lærarar. Robin Isfold Munkvold frå Forskarforbundet ved Nord universitet presiserte at det var gode grunnar til at alle fagforeiningane i Nord universitet har stått samla mot nedleggingsvedtaket. 

Redaktør i Helgelands Blad, Morten Hofstad leia den politiske debatten. Regjeringspartia glimra med sitt fråvær. KRF var det einaste partiet som var representert i debatten. KRFU leiaren i Nordland, Birgitte Konow, deltok. Marit Arnstad (SV), Bjørnar Skjæran (AP), Marius Meisfjord Jøsevold (SV), Ida Maria Børli Sivertsen (MDG) og Svein Olsen (R) deltok i debatten og fekk mange viktige innspel frå salen. Det politiske panelet delte Folkeaksjonen si bekymring rundt nedbygging av Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnesjøen. Marit Arnstad (SP) uttalte at profesjonsutdanningane er sterkt pressa i strukturreforma. I universitetskulturen vert den delen av samfunnsoppdraget som handlar om profesjonsutdanningane, skadelidande. 

Alle var einige om at vi må bevare fagmiljøet og halde trykket oppe mot eit evt. Regjeringsskifte i 2021.

 

Bildeserie
Debatt
Rana No oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.