Leder for Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland, Jenny Myklebust. Foto: Roger Marthinsen

"Vi må ikkje bli lurt ein gong til!"

Skrevet av Jenny Myklebust
15.10.2019 17:00

Ope brev til fylkesråd Ingelin Noresjø.

Kjære fylkesråd Ingelin Noresjø!

Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland vil takke deg for at du med stort engasjement har gått imot Nord universitet sitt vedtak om å legge ned Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen. Det skal mot til for å innrømme at ein er lurt. ”Eg kjenner meg lurt”, sa du og fekk oss til å kjenne at vi hadde ein sterk alliert i vår kamp mot den urett som nedlegginga av Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen representerer.

Med ditt engasjement står du i ein stolt tradisjon for KrF. Tidlegare leiar av Krf, Jon Lilletun, var sentral i arbeidet med det siste nybygget på Nesna og utan hans aktive medverknad, hadde ikkje sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen vorte ein realitet i 2000. 

Det knytar seg større forventningar til den som løftar fana høgt, og vi i Folkeaksjonen har hatt store forventningar til deg. Det er difor med uro vi les ein artikkel i Helgeland Blad (7. oktober) med tittelen ”Tema: Omstilling”. Kanskje ser du at omstilling for Nesna kommune ikkje er svaret, for du understrekar at dette ikkje skal gå ut over kravet til utdanning på Nesna, det er mogleg å ha to tankar i hovudet samstundes og Fylkeskommunen har plikt til å hjelpe kommunar som slit.
Vi i Folkeaksjonen er uroa over at spørsmålet om rasering av tilbodet til høgare utdanning på Helgeland blir redusert til eit spørsmål om omstilling for Nesna kommune. Vi meiner Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen skal vidareførast og vidareutviklast. Nordland fylkesting har samrøystes vedteke det same. Vi meiner at fylkeskommunen har både plikt og ansvar for å hjelpe Helgeland for å sikre høgare utdanning i regionen. Vi hadde gjerne sett at fungerande fylkesråd for utdanning, Knut Petter Torgersen, hadde engasjert seg. For dette er eit utdanningspolitisk spørsmål som gjeld heile Helgeland, ikkje berre Nesna kommune. 

I Stortinget ligg det no eit Representantforslag for kvalitet, velferd og bærekraftige lokalsamfunn. I punkt ein står det at Stortinget ber regjeringa om å stoppe endringa av studiestadsstruktur ved Nord universitet. Dersom dette blir vedteke, så vil Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen kunne vidareførast og vidareutviklast, slik det står i fusjonsavtalen. Innstilling til vedtak skal leverast 5.nov og endeleg vedtak fattast i Stortinget den 12. nov. Dersom dette forslaget ikkje blir vedteke, vil Nord universitet intensivere nedbygginga av Campus Nesna og nedlegginga av sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen blir stadfesta. 

Kjære fylkesråd Ingelin Noresjø! Vi ber deg om å konsentrere kreftene til Nordland fylkeskommune om arbeidet for vidareføring og vidareutvikling av det høgare utdanningsmiljøet som er utvikla på Helgeland gjennom hundre år! Høgskulen i Nesna og folk på Helgeland vart lurt til å akseptere ein fusjonsavtale som ikkje er verdt papiret den er skriven på. Det som no skjer, skjer på vår vakt! No gjeld det å samle alle våre krefter for å sikre eit vedtak i Stortinget som gjer det mogleg å vidareføre Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen. Vi må ha mange tankar i hovudet samstundes, men vi må vite å prioritere den viktigaste kampen. Det er ei tid for alt. Vi må ikkje bli lurt ein gong til!

Venleg helsing for 

Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland,
Jenny Myklebust, leiar.

Debatt
Rana No oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.