– Omsynet til naturen skal kome først ved utbygging av vindkraft, både til havs og på land, påpeker WWFs Bård Vegar Solhjell.

"Vindkraftutbygging er ein viktig del av løysinga på klimakrisa"

Skrevet av Bård Vegar Solhjell
18.10.2019 06:00 - OPPDATERT 18.10.2019 07:42

Vindkraft på naturen sine premissar

Det er godt dokumentert at vindturbinar drep fuglar. Det er òg godt dokumentert at vindkraft og annan fornybar energi bidrar til å redusere klimagassutslepp. Begge delar er viktig.

Då eg var på besøk på vindkraftanlegget på Fosen, var det nettopp for å lære meir om det som er eit stort og vanskeleg dilemma for oss som er opptatt av både klima og natur. For verda har bruk for meir fornybar energi. Vind og sol er dei to energikjeldene som gir oss best moglegheit til å fase ut fossile brensel i global skala, og er derfor gode og naudsynte klimatiltak. Men store nye energiprosjekt får konsekvensar for naturen der dei byggast. Når omsyna til meir natur og mindre utslepp møtast, skaper det konflikt. WWF meiner vindkraftutbygging er ein viktig del av løysinga på klimakrisa. Men vi må ta langt meir omsyn til naturen enn vi gjer no.

Så korleis skjer det i praksis? Vi meiner at utbygging først og fremst bør skje i område som allereie er påverka av utbygging og arealendring, for å unngå at det går utover viktige naturverdiar. Vi er òg mot vindkraftutbygging i dei tilfella det vil føre til oppstykking av viktige leveområde eller trekkområder for ansvarsartar, trua eller prioriterte artar.

Konsesjonsprosessen må være open, ryddig og basert på kunnskap, og miljøkonsekvensane må vege tungt i avgjerda. Vi vil òg at føre-var-prinsippet skal følgast. Altså skal ein ikkje gi konsesjon i område dersom kunnskapen om naturen ikkje er god nok.

WWF har i mange år jobba for å sikre at omsynet til naturen skal kome først ved utbygging av vindkraft, både til havs og på land. Vi går på jobb kvar dag for ein verd med både meir natur og mindre utslepp. Det kjem vi til å fortsette med.

Bård Vegar Solhjell,

Generalsekretær, WWF Verdens naturfond
 

Debatt
Rana No oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.